Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Etterhandskunngjering overføring av løyver til utfylling i sjø i Lervig

Fylkesmannen i Rogaland har tidlegare gitt løyver til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø i Lervig til Stavanger kommune i 1999 og Lervig Brygge AS i 2006. Tilletne utfyllingsrammer har ikkje vore nytta fullt ut og Fylkesmannen stadfesta i 2013 at løyva framleis var gjeldande.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.02.2015

Multiconsult AS orienterte i 2014 Fylkesmannen om at dei nåverande tiltakshavarane Stavanger kommune og Selvaag Bolig Rogaland AS ønska at Statens vegvesen skulle fullføre utfyllingsarbeida i Lervig som felles prosjekt. 

Fylkesmannen har derfor overført dei to løyva til Statens vegvesen Region vest. Det er samstundes gjort endringar i einskilde vilkår i dei to løyva med heimel i forureiningslova § 18.

Vedtak om endring av vilkår i dei to løyva kan klagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland [email protected] eller postboks 51 sentrum, 4001 Stavanger.

Overførte løyver og saksdokument:

Opprinneleg Stavanger kommune

Opprinneleg Lervig Brygge AS

Multiconsult AS søker endring

Kunngjeringstekst