Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Over 1,2 milliardar kroner til landbruket i Rogaland

Sau på beite.

I slutten av februar fekk alle landbruksføretak utbetalt produksjons- og avløysartilskotet for 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.03.2020

Bøndene i Rogaland fekk til saman 1 268 049 229 kroner i tilskot for 2019. I heile landet blei 10,25 milliardar kroner utbetalt. På landbruksdirektoratet sine nettsider kan du sjå utbetalingar for kvart fylke, kommune og føretak.

Her kan du sjå tilskotslistene

Landbruksføretak søkar om produksjons- og avløysartilskot i mars og oktober kvart år. Kommunane behandlar deretter søknadane, og i slutten av februar påfølgande år blir tilskotet utbetalt. Tala i listene over tilskot for 2019 er basert på alle søknadane ferdig behandla innan februar i år, og nokre få søknadar ligg av ymse grunnar enno til behandling.

Om produksjonstilskot

Føremålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. Produksjonstilskot omfattar desse ordningane:

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot for husdyr
  • Tilskot for dyr på beite og utmarksbeite
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • Arealtilskot til økologisk landbruk og tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker

Du kan lesa meir om produksjonstilskotet på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Om tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Føremålet med ordninga er å legga til rette for at dei som driv med husdyr skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlastning, gjennom å bidra til å finansiera leige av arbeidskraft.

Du kan lesa meir om avløysartilskotet på Landbruksdirektoratet sine nettsider