Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Ekstrautbetaling av produksjonstilskot i 2022

I jordbruksoppgjeret blei partane einige om å kompensere for inntektssvikten i 2022. Ekstrautbetalinga skal skje i september. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2022

Denne ekstrautbetalinga utgjer samla sett om lag 1 450 millionar kroner. Sjølve utbetalinga vil skje på grunnlag av det føretaka har registrert i dei vanlege søknadene om produksjonstilskot. Det betyr at produsentane ikkje treng å gjere noko for å få denne ekstrautbetalinga i september.

Utgangspunktet er søknaden frå oktober 2021 og mars 2022

Sjølve ekstrautbetalinga vil bli basert på søknadsopplysningane ved søknaden i oktober 2021 og mars 2022. Dei som startar opp i 2022 vil få utbetaling i februar 2023. Landbruksdirektoratet er no i gang med å fastsetje eit eige regelverk for ekstrautbetalinga. Landbruksdirektoratet vil kome med meir informasjon på si nettside når regelverket er klart.