Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Inngrep i kulturlandskapet

Jordbruksføretak som gjer uønskte inngrep i kulturlandskapet mister retten til areal- og kulturlandskapstilskot. I omgrepet kulturlandskap høyrer både landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturhistoriske verdiar med.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2018

Sterkare miljøkrav med ny forskrift

Miljøkrava i produksjonstilskot i jordbruket blei forsterka ved forskriftsendringa i 2014. Kravet om Miljøplan blei tatt bort, og i staden kom det vilkår om at søkjarane ikkje kan gjere «forringende inngrep i kulturlandskapet» med mindre det er gitt ei tillating. Det vil seie at viss det blir slått fast at det er gjort inngrep i kulturlandskapet, vil føretaket ikkje kvalifisere for areal – og kulturlandskapstilskot (AK- tilskot).

Døme på inngrep

Her er ei liste med døme på inngrep som fører til at ein mister retten på AK- tilskotet. Lista er ikkje uttømmande.

  • oppdyrking av skogbryn, kantsoner og andre restareal mot innmark,
  • fjerning av åkerholmar, steingjerde og gamle rydningsrøyser,
  • oppdyrking eller fjerning av ferdselsårer,
  • tiltak i utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova som ikkje er i tråd med godkjent tiltaksplan
  • kanalisering og lukking av elver, bekker og grøfter,
  • planering av jordbruksareal under 1 daa,
  • sprøyting av kantvegetasjon og åkerholmar, med mindre dette er eit ledd i skjøtselen av kulturlandskapet.

Kan gi store konsekvensar for tilskotsutbetalinga

Dersom ein gjer slike inngrep, skal kommunen ikkje godkjenne utbetaling av AK- tilskot. Utbetalt AK- tilskot varierer frå føretak til føretak etter storleiken på areala, type vekst og tilskotssone. Føretaket som mottek mest produksjonstilskot i Rogaland får over 800 000 kr i AK- tilskot, medan eit føretak som driv med 200 dekar fulldyrka eng i sone 3 får 48 000 kr i AK- tilskot. Det totale AK-tilskotet fell bort det søknadsåret då inngrepet i kulturlandskapet blei gjort. Dersom ein i 2018 til dømes lukker ein bekk, så mister ein heile AK-tilskotet for 2018.

Kommunen kan gi godkjenning

Kommunen kan på førehand godkjenne inngrep så framt anna regelverk ikkje er til hinder. Det er viktig å merke seg at godkjenninga må vere gitt på førehand. Blir det slått fast brot, til dømes fjerning av steingard utan tillating, så er vilkåra for AK- tilskot ikkje oppfylt. Dette gjeld sjølv om kommunen i ettertid godkjenner fjerninga.

Leigetakar eller eigar

Det er den som disponerer areala, og som søkjer om tilskot, som er ansvarleg for at det ikkje blir gjort inngrep i kulturlandskapet. Dette gjeld enten ein er eigar eller leigar av eit areal.