Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Bygg landbruksbygg i tre

Sauebøndene Eli og Helge Nygård i Forsand har bygd nytt sauefjøs i tre for 60-70 sauer. Torsdag 28/11 2013 vert det mogleg å studere fjøset nærare.

Publisert 26.11.2013

Eli og Helge Nygård har bygd det første sauefjøset i massivtre i Ryfylke. 28/11- 2013 kl 1900 vert det arrangert ei omvising hos dei i Rossåvika i Forsand.

Etter omvisinga i sauefjøset går turen til Kommunestyresalen i Forsand (ca kl 2000-2105) der det blir servert kaffi og kaffimat. Der vil det også halde eit foredrag av Svein Kjetil Rønnevik frå Rogaland Massivtre as om kva det inneber å bygge eit massivtrefjøs for bonden, dyra og leverandøren.

Karin Hansen frå Innovasjon Norge Rogaland vil seie noko om finansiering av slike massivtrebygg.

Målgruppe: Bønder i Strand, Forsand og Hjelmeland

Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Rogaland Sau og Geit og Forsand kommune