Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Oste-VM med fire deltakarar frå Rogaland!

Stavanger Ysteri ved Lise Brunborg. Foto: Osteglad

Neste helg er det Oste-VM i Trondheim og Rogaland deltek med produkt frå 4 ysteri!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.10.2023

Trondheim er vertsby for Oste-VM 2023 og meisterskapen blir arrangert for andre gong i Noreg. Interessa er stor og over 4500 ostar frå ei rekkje land skal bedømmast av 260 dommarar. Noreg deltek med 71 bedrifter som tilsaman stiller med 293 ostar i konkurransen i Trondheim Spektrum om å bli verdas beste ost.

Dei fire produsentane frå Rogaland som deltek er:

  • Stavanger Ysteri
  • Ystepikene
  • Voll Ysteri
  • Ryfylke Gardsysteri

Alle ostar er laga med mjølk frå eigen gard eller i tett samarbeid med mjølkeprodusenten. Stavanger Ysteri er økologisk godkjent, medan Voll Ysteri i Klepp kommune var den fyrste i Rogaland som brukte upasteurisert mjølk.

Vi ønskjer alle lukke til i Oste-VM neste veke kor det heile blir avgjort fredag 27. oktober.