Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Mat må vi ha – men tek vi bonden for gitt?

Bønder frå Bjerkreim diskuterer framtida
Bønder frå Bjerkreim diskuterer framtida Foto: Gerd Siqveland Engelsgjerd / Statsforvaltaren i Rogaland.

Spørsmålet må bøndene i Rogaland hjelpe oss med å finne svar på. Alle registrerte landbruksføretak vil i desse dagar få tilsendt ei undersøking med spørsmål knytt til produksjonen på garden i dag og forventa status 15 år fram i tid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2022

Landbrukspartnarskapet i Rogaland (Rogaland bondelag, Rogaland Bonde- og småbrukarlag, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Rogaland, Rogaland skognæringsforum og Statsforvaltaren i Rogaland) står saman om denne undersøkinga.

Aktive bønder ein føresetnad

Aktive bønder i heile Rogaland er ein føresetnad for framtidig matproduksjon. Rogaland er ein sterk jordbruksregion med mange driftige bønder og solid foredlingsindustri. Slik ønskjer vi å ha det også framover. Det er også kjent at det er ei rekrutteringsutfordring i næringa, i ei tid med kamp om arbeidskrafta. Da er det viktig at bøndene hjelper oss med kunnskap om framtida, slik at vi m.a. kan gjere gode prioriteringar i bruk av verkemidlar.

Informasjon spesielt til bøndene

Bøndene vil få tilsendt ein e-post frå Statsforvaltaren med lenkje til eit spørjeskjema. Vi ber bøndene om å sjekke spam-filteret om de ikkje finn den i innboksen. Det vil ta nokre få minutt å svare på spørsmåla, og vi oppmode bøndene om å svare så ærleg som mogleg.

Svarfrist er 31. oktober 2022.