Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Webinar innafor eigedomslovgivinga i landbruket

Kulturlandskap Bru, Stavanger kommune.
Kulturlandskap Bru, Stavanger kommune. Foto: Helene Medhus Skedsmo.

Tema for webinaret vil vere struktur i landbruket og verkemidlar kommunane har til å syte for best mogleg struktur og gode driftsmessige løysingar når dei har saker til behandling etter jordlova, konsesjonslova og plan- og bygningslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.09.2021

Det vil bli eit kort historisk tilbakeblikk på eigedomsstrukturen i landbruket og jordskiftelovgivinga. Bakgrunnen for det er at det i august i år var 200 år sidan den første nasjonale lova om utskifting vart innført i Noreg. Jordskifte og utskiftingar har hatt stor betydning for eigedomsstrukturen og utviklinga av landbruket i Noreg. Sør-Rogaland jordskifterett vil også ha eit innlegg om dei verkemidla som ligg i jordskiftelova i dag med omsyn på å få løyst utenlege eigedoms- og bruksrettsforhold. Så vil det bli ein bolk om jordlov og konsesjonslov og dei verkemidla kommunane sjølv rår over i regelverket dei er sett til å ivareta.

 

Me har utvida påmeldingsfristen til og med 12.09.21. Påmelding og program finn du her.