Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Regelverk nydyrking - endringar

Stortinget vedtok 31. mai 2021 endring av regelverket om nydyrking. Konsekvensane av vedtaket må utgreiast. Endringa har ikkje tredt i kraft. Gjeldande regelverk om forbod mot nydyrking av myr står framleis ved lag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2021

Stortinget fatta i møte den 31. mai 2021 vedtak om endring av jordloven § 11 andre ledd. Vedtaket omfattar endringar i regelverket om nydyrking.  

Endring av paragrafen om nydyrking i jordlova

Gjeldande regelverk i jordlova §11 andre ledd:
«For å unngå skade på natur- og kulturlandskap eller for å redusere utslepp av klimagassar kan departementet​ gi føresegner for nydyrking. I føresegnene kan det fastsetjast forbod mot nydyrking og at nydyrking berre kan skje i samsvar med ein plan godkjend av departementet.​» 

Denne paragrafen blir endra til:
«For å unngå skade på natur- og kulturlandskap eller for å redusere utslepp av klimagassar kan departementet gi føresegner for nydyrking. Søknad om nydyrking eller nedbygging av myr kan berre skje der omsynet til klima, natur- og kulturlandskap vert varetatt gjennom ein heilskapleg plan godkjend av den enkelte kommune».

Endringane har førebels ikkje tredt i kraft 

Landbruks- og matdepartementet fremma 4. juni ein kongeleg resolusjon og lovvedtaket blei godkjend.

Det er behov for å gjere ei vurdering av konsekvensane av lovvedtaket, òg korleis den nye regelen kan samordnast med anna relevant regelverk.

Endringane i jordloven § 11 andre ledd har ikkje tredt i kraft. Det er førebels ikkje mogleg å seie noko om når dette vil skje. Landbruksdirektoratet har difor sendt ut informasjon om at gjeldande regelverk om forbod mot nydyrking av myr enda står ved lag.