Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Nye erstatningssatsar ved overproduksjon av svin og fjørfe

Purke med smågris.
Purke med smågris. Foto: Norsvin.
Landbruks- og matdepartementet har vedteke nye standardiserte erstatningssatsar ved overskriding av konsesjonsgrensene for svine- og fjørfeproduksjon. Dei nye satsane trer i kraft frå 1. januar 2026.
Publisert 07.01.2026

Vi viser til vår artikkel om høyring om nye erstatningssatsar og Landbruks- og matdepartementet (LMD) sitt fastsettingsbrev som beskriv bakgrunn for endringa. Ein hovudårsak til endringa er at dagens satsar ikkje speglar den faktiske lønsemda i produksjonen. Dei fleste høyringsinstansane ga støtte til LMD sitt forslag. Det blei mellom anna peika på at satsane bør reviderast oftare for å følgje inntekts- og kostnadsutviklinga. 

Dei nye satsane vil gje større økonomiske konsekvensar ved overskriding av konsesjonsgrensa, spesielt for svineproduksjonen.

Nye satsar frå 1. januar

LMD vidarefører modellen med to nivå for erstatning:

  • Låg sats ved overproduksjon opp til 20 % over konsesjonsgrensa.
  • Høg sats ved overproduksjon over 20 %, der det normalt er snakk om drift i fleire bygningar og høgare faste kostnader.

Tabellen er henta frå forskrift om endring i forskrift 1. april 2004 nr. 611 om regulering av svine og fjørfeproduksjonen.