Husdyrgjødsel

Ein stor del av Noreg sin husdyrproduksjon skjer i Rogaland. Det gir store gjødselressursar som må forvaltast på ein god måte. Statsforvaltaren skal legge til rette for næringsutvikling, bidra til god og miljøforsvarleg bruk av husdyrgjødsel, og følge opp kommunane sitt arbeid med kontroll og tilsyn.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 17.08.2026

Er Rogaland klar til å møte innstrammingane i gjødselbrukforskrifta?

Nei, er mi vurdering ut frå sommarens trykk i media i spreiearealsaka. Og allereie frå nyttår må bøndene i Rogaland finne løysningar når nær eitt tonn husdyrgjødsel per dekar skal bort frå det fulldyrka arealet i fylket.


Publisert 06.08.2026

Vi har lyttet – slik går vi videre i arbeidet med spreieareal på innmarksbeite

Varslene om mulig oppheving av spreieareal har skapt stor uro. Nå justerer Statsforvalteren den videre prosessen og forklarer hva som skjer videre.


Publisert 29.07.2026

Spreieareal på innmarksbeite: Me lyttar før me konkluderer

Me har i løpet av juli registrert eit stort engasjement knyta til vårt arbeid med oppdatering av godkjend spreieareal for gjødsel på innmarksbeite. Særleg har det vore reaksjonar når det gjeld dei om lag 50 bøndene i Stavanger som er varsla om mogleg oppheving av godkjend spreieareal på innmarksbeite.


Publisert 23.04.2026

Oppheving av spreieareal på innmarksbeite

For å verne viktige natur- og kulturlandskap har Statsforvaltaren i Rogaland starta ein prosess med å oppheve godkjenning av innmarksbeite som spreieareal der gjødsling kan gi negativ påverknad.

Publisert 04.02.2025

Ny gjødselbruksforskrift – Statsforvaltaren vurderer spreiefristen for husdyrgjødsel

Nyleg blei ny gjødselbruksforskrift landa etter mange års revisjonsarbeid. I husdyrfylket Rogaland er forskrifta eit viktig rammeverk for både matproduksjon, naturmangfald og vassdrag. Statsforvaltaren har fått nye oppgåver, og er gitt heimel til å sette strengare krav for bruk av husdyrgjødsel. Av omsyn til vassmiljø set vi i gang arbeidet med å vurdere 1. september som  lik spreiefrist i heile fylket. 


Publisert 17.12.2024

Ny gjødselbruksforskrift blir til å leve med

I februar 2025 kjem det nye forskrifter om bruk av gjødsel. Det blir innstrammingar, men nye fosforgrenser vil gjelde først frå 2027. Det gir rimeleg god tid for tilpassing.


Publisert 24.04.2024

Vil du rekne ut dei nye spreiearealkrava?

Ny gjødselbruksforskrift er på høyring, og Statsforvaltaren i Rogaland og Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein kalkulator til hjelp for å rekne ut dei nye spreiearealkrava på eigen gard. 


Publisert 26.03.2024

Ny gjødselbruksforskrift – viktig for Rogaland!

Gjødselvareforskrifta er eit viktig rammeverk i husdyrfylket Rogaland, og ny forskrift er no på høyring etter mange års revisjonsarbeid. Vi går her igjennom nokre av dei sentrale elementa i forskrifta.


Publisert 21.09.2023

Ny GDE-kalkulator

Forskrift om organisk gjødsel regulerer bruk og lagring av husdyrgjødsel. Husdyrgjødsel kan berre nyttast på areal godkjend som spreieareal , og GDE-kalkulatoren er eit hjelpemiddel for å berekne tal gjødseldyreiningar (GDE) og krav til spreieareal på eit landbruksføretak.


Publisert 23.05.2023

Regelverk kring oppføring av nytt frittliggande gjødsellager

Søknad om å byggje nytt gjødsellager skal sendast til kommunen gjødsellageret skal ligge i. Kommunen skal behandle saka både etter plan- og bygningslova og etter forskrift om organisk gjødsel.