Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Hugs frist for etterregistrering 10. januar!

Mjølkeku på beite. Foto: Eli Munkeby Serigstad

Dersom du har søkt om produksjonstilskot eller tilskot til avløysing ved ferie og fritid i oktober, kan du etterregistrere nokre opplysningar. Ver merksam på at registrering må skje innan 10. januar!

Publisert 06.01.2026

Følgande opplysningar kan du registrere innan 10. januar:

  • Utgifter til avløysing som føretaket har hatt etter 15. oktober
  • Dyr sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
  • Livdyr av kylling og kalkun som er selde etter 15. oktober
  • Rugeegg levert til rugeri etter 15. oktober
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland som er selde etter 15. oktober

Korleis registrere opplysningane?

Etterregistrering skjer i same søknadsskjema som er sendt inn tidlegare. Du må altså ha levert søknad i oktober for å kunne etterregistrere opplysningar. For å etterregistrere opplysningane må du opne søknaden i Altinn, og leggje inn endringar. Hugs å senda søknaden når du er ferdig! 

Har du spørsmål må du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen. 

Sjekk kvitteringa!

Hugs å sjekke at du har fått tilsendt kvittering etter at du har sendt søknaden på nytt. Kvitteringa får du tilsendt i Altinn, og dette er din dokumentasjon på at etterregistreinga er levert inn. Fristen for etterregistrering er absolutt, og opplysningar sendt inn etter fristen kjem ikkje med i utbetalinga. Vi oppmodar søkjarar om å registrere opplysningane i god tid før 10. januar. Då rekk du kontakte kommunen dersom du får problem med registreringa.