Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Høyringsuttale til temaplan for klima- og miljø i landbruket i Stavanger

Stavanger kommune har nokre av dei eldste og flottaste kulturlandskapa i landet. Her frå Rennesøy. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Stavanger kommune har sendt på høyring temaplan for klima- og miljø i landbruket 2020 – 2030. Her kan de sjå Statsforvaltaren i Rogaland sine innspel. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2021

Stavanger er foreløpig einaste kommunen i Rogaland med ein eigen plan for klima- og miljø i landbruket. Kommunen har ambisiøse mål når det gjeld klimaomstilling og miljøvern, og eit av satsingsområda i kommunen er å vera ein grøn spydspiss i regionen. Temaplanen inneheld mange gode tiltak, og vil vera eit godt verktøy for arbeidet med klima og miljø i landbruket dei neste åra. 

Forslaget til temaplan finn de på Stavanger kommune sine nettsider. 
Høyringsfrista er 10. februar.