Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ynskjer å høyre innbyggjarane på fastlands-Karmøy om grensejustering

Departementet ber Fylkesmannen, i samarbeid med Karmøy kommune, om å gjennomføra ei slik innbyggjarhøyring. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2020

Tidlegare i år handsama Kommunal- og moderniseringsdepartementet ei sak om utgreiing av ei mogleg grensejustering mellom Haugesund og Karmøy kommune etter eit initiativ frå innbyggjarar i Karmøy. 

Departementet si vurdering var at innbyggjarinitiativet åleine ikkje gav grunnlag for å setja i gang ei utgreiing.

I brev til Fylkesmannen i Rogaland den 8. mai 2020 skriv departementet at dei vurderer det tenleg med meir informasjon i saka og ber derfor Fylkesmannen om å undersøkja kva innbyggjarane i den aktuelle delen av Karmøy meiner om ei grensejustering.

Heile brevet frå departementet er lagt ved denne nettsaka.