Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Grunnlovsjubileet opnar i Rogaland

Fyrstkomande søndag, 23. februar 2014, blir det både gudsteneste i domkyrkja og kyrkjekaffi i Rosenkildehuset for å markere opninga på grunnlovsjubileet i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2014

For 200 år sidan valde folket søndag 25.februar, i ekstraordinære bededagsgudstenester, valmenn til å utpeika Eidsvollsrepresentantane.

Dette vil ein markere i kyrkjer over heile landet søndag 23.februar.

Gudstenesta i Stavanger Domkirke vert ved domprost Anne Lise Ådnøy, og det vert kyrkjekaffi  i Rosenkildehuset (Næringsforeningen) rett etter gudstenesta.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og varaaordførar i Stavanger Bjørg Tysdal Moe deltek begge stader.

Arrangementet er rekna å slutta ca. 1330.

Alle er velkomne både der og til ei lang rekkje tilstellingar utover våren og resten av året.

Aktuelt

Informasjon om grunnlovsjubileet

Logo Demokratijubileene i Rogaland

 

Logo grunnlovsjubileet

 

Logo minstemme