Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Noreg ratifiserer FN-konvensjon om rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne

Måndag 3. juni ratifiserer Noreg  FN-konvensjonen om rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne. For Fylkesmannen i Rogaland har dette samanheng med ny verjemålslov som tek til å gjelde 1. juli 2013. Fylkesmannen blir då førsteinstans i saker som gjelder verjemål og tek over etter overformynderia i kommunanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.06.2013

Den nye verjemålslova har vore ein føresetnad for at Noreg skal kunne overhalde reglane i FN-konvensjonen om rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne. Lova inneber økte rettar for mennesker som treng bistand frå verje for å kunne vareta rettane sine.

For meir informasjon om ratifikasjonen, sjå lenkje til Utendriksdepartementet sin heimside under "Relaterte lenkjer" til høgre.