Informasjonsbrev veke 33/2026
- Regionalt miljøtilskot (RMP) – Spreiing om våren eller i vekstsesongen
- Regionalt miljøtilskot (RMP) – Frist for nye eller endra namn på beiteområder
- Frist for oppdatering av AR5 – arealtal til nytt landbruksregister
- Frist for spreiing av husdyrgjødsel er 15. september
- Markdag om kystlynghei 23. august
Regionalt miljøtilskot (RMP) – Spreiing om våren eller i vekstsesongen
Vi vil informere om at dette tiltaket framleis gjeld for søknadsomgangen i 2026.
Det er stor sannsynlegheit for at tiltaket blir teke ut av Regionalt miljøtilskot frå søknadsåret 2028.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Regionalt miljøtilskot (RMP) – Frist for nye eller endra namn på beiteområder
Måndag 24. august er fristen for å melde inn namn på nye beiteområde eller endringar i namn på eksisterande beiteområde til Statsforvaltaren, slik at desse kan bli tekne med i komande søknadsomgang.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Frist for oppdatering av AR5 – arealtal til nytt landbruksregister
Arealtal blir automatisk oppdatert frå jordregisteret til Landbruksregisteret i september. Målet er at tala skal vere mest mogleg oppdatert før søknadsomgangen for produksjonstilskot og bruk i RMP.
Frist: For at endringar i AR5 skal kome med i arealberekningane til hausten, må kommunane ha oppdatert AR5 i sentral base og eigedomsknytingar seinast 24. august.
Meir om dette finn du her:
2026+Infoskriv+Massivoppdatering+av+arealtall+i+Lreg+fra+jordregister.pdf
Kontaktperson: Odd Løset
Frist for spreiing av husdyrgjødsel er 15. september
I 2025 og 2026 er det som ei overgangsordning tillatt å spreie husdyrgjødsel fram til 1. november med nedmolding rett etter spreiing. I same overgangsperiode er det heller ikkje krav til hausting eller etablering av plantevekst etter siste spreiing.
Meir informasjon om temaet på Statsforvaltaren si nettside.
Kontaktperson: Per Eldar Nakken
Markdag om kystlynghei 23. august
Statsforvalteren i Møre og Romsdal og Norsk Landbruksrådgiving arrangerer markdag om kystlynghei. Arrangementet er aktuelt for alle som driv med skjøtsel, ønsker å starte opp eller vil lære meir om denne naturtypen.
Sted: Småge, Aukra kommune. Oppmøte ved gapahuken ved Smågevatnet.
Tid: Søndag 23. august kl. 11.00 - 14.00
Arrangementet er gratis, og det er ingen påmelding.
Vidaresend gjerne informasjonen til drivarar/bønder og andre som kan vere interesserte i kommunen.
Les meir om programmet, finn kontaktinformasjon og meld deg på her: Markdag i kystlynghei | Norsk Landbruksrådgiving